Archive for ◊ mars, 2009 ◊

Author:
• mandag, mars 30th, 2009

Sauda, 27. – 29. mars 2009

Skrevet av Ingvild G. Bogetveit

Så var endeleg helga med mi første Via Vitae – samling komen! Eg hadde gledd meg heilt sidan sist samling då koret var på Viken fhs og eg var på konserten deira og prøvesang etterpå. Tenk å få vere med i eit så flott kor! Ikkje berre syng dei bra, dei er også ein herleg gjeng med hyggelege folk!

Det var heile ni songarar som hadde funne vegen til Sauda denne helga, altså to fleire enn sist gong det var samling der, og av desse ni var det tre nye medlemmar: Marlene Wilhelmine Jensen på 2. Sopran (kjem frå Lier, går i år på Toneheim fhs på Hamar), Asbjørn Håkonseth på 1. Bass (kjem frå Kvæfjord, går i år på Viken fhs på Gjøvik) og meg, Ingvild Gutubø Bogetveit på 1. Alt (kjem frå Førde, går i år på Viken fhs). Vi vart tekne veldig godt imot og vart inkludert frå første sekund; det var som om vi alltid hadde vore med i koret! Dei andre songarane var: Alvilde, Marius, Olav Andreas, Hallvard og sjølvsagt vår fantastiske dirigent Lars Kristian og entusiastiske lokalkontakt Ragnhild LR.

Då alle var på plass i Saudasjøen Kapell, sette vi i gang med øvinga. Det var øving til kyrkjekonserten, ”bedehusrepertoaret” (Navnet Jesus, Salige Visshet og O hur salig att få vandra) og nokre fellesnummer vi skulle ha saman med Sauda Ungdomskor som Ragnhild LR dirigerer. Vi som var nye hadde førebudd oss godt, så då var det ikkje noko problem om ein var åleine på stemma si. Dette imponerte dei andre og i løpet av helga utbraut Lars Kristian ein draumetanke: ”Tenk om alle i Via Vitae kom like godt forberedt!” Det må vel nemnast at det ikkje var det vanskelegaste repertoaret, men det kunne det heller ikkje vere med ei så minimal besetning. Likevel fekk ”dei gamle” noko å bryne seg på i den nye songen ”Uti vår hage”. Etter øving, litt kvelds og ein rask runde Store norske, var det tidleg i seng for samtlege. Ein blir sliten av mykje reising (eg og Asbjørn reiste i 14 timar!)

Laurdagen starta med frukost og fortsetjing av grubling/lesing av påskemysteriet på H-mjølkekartongen som hadde starta fredagen. Ikkje alle hadde lese den enno, så vi vart samde om at vi ikkje skulle diskutere løysinga før på sundag. Etter litt øving i kapellet, drog vi til kyrkja i sentrum og øvde vidare der. På ettermiddagen litt før kyrkjekonserten hadde vi ein minikonsert på ein eldrefest der vi framførte det tidlegare nemnde ”bedehusrepertoaret”. Songen fall i smak enno dei sat i eit veldig avlangt rom og nokre kanskje ikkje høyrde anna enn bassen, men flott ungdom var det i alle fall!

Etter litt fellesøving, undervisning og litt praktisering av ”overdrive” saman med Sauda Ungdomskor var det ikkje lenge igjen til konserten. Vi var spente på kor mange publikummarar det ville kome, for etter statistikken å døme har minst besetning gitt høgast publikumstal (også her i Sauda). Det kom ein del folk, men medan vi var oppe på galleriet før og under første nummer av konserten, kom det visst enda fleire under galleriet som vi ikkje såg. Ragnhild LR talde 84 personar, noko som er ny rekord! SUK song nokre songar åleine, og sjølv om dei ikkje var så mange, var dei utruleg flinke! Bra jobba, Ragnhild LR! Konserten for vår del gjekk også strålande. Eg likte spesielt godt ”Å, var eg meir deg, Jesus, lik”, ”Bruremarsj frå Valsøyfjord” og ikkje minst «The battle of Jericho” der det var veldig innleving/dramatisering og vi tok heilt av den siste delen! Noko anna som tok av, var fellesnummera på slutten. Der fekk ”overdriven” kome til sin rett! Med ståande applaus, vart det ekstranummer, også det var med ”overdrive”, og for å seie det slik, så var det kanskje bra at vi ikkje skulle ha konsert på sundagen…

Etter konserten drog vi heim til Ragnhild LR og laga oss taco. Nam,nam! Nokre av songarane i SUK var også med, koseleg! Då vi var gode og mette var det tid for film, men med eit ganske stort utval, og mange meiningar, var det ikkje berre enkelt å bli einige. Etter mykje fram og tilbake, trekking og tjo og hei, vart det musikalen The demon barber of Fleet Street. Ikkje den mest muntre musikalen eg har sett… Folk hadde litt ulike måtar å sjå film på; nokon sov, nokon laga sensureringslydar ved å kome borti leidningen (ufrivillig) medan andre snakka om all ketsjupen.

Då vi + nokre SUKarar var tilbake i kapellet, var det ligretto og andre kortspel. Det fortsette tydelegvis heile natta, sidan nokre døgna.

Sundagen tok vi det ganske med ro sidan det ikkje var gudsteneste. Under frukosten var det klart for avsløringar av teoriar og løysingar av påskemysteriet på H-mjølkekartongen og det vart ein heftig diskusjon om stolne ski, finn.no, løgndetektor, brownies og mykje anna. Eg veit ikkje heilt om alle vart samde til slutt.

Etter pakking og rydding drog vi heim til Ragnhild for å ha styremøte og evaluering der. Må berre referere Alvilde sitt første innlegg under evalueringa: ”Vi ble jo enige om at vi ikke skulle snakke om løsningen før på søndag, men ved HVERT måltid har det vært noen har begynt å snakke om det!” Sånn utanom dette var det ikkje så stor misnøye i forsamlinga. Etter at alle hadde skrive helsing i gjesteboka til Ragnhild LR og fått hadeklem av alle, var samlinga slutt og det var berre reisinga igjen.

Tusen takk for ei fantastisk førstehelg med Via Vitae! Eg gler meg veldig til vi møtast neste gong på sommarsamlinga i Kristiansand!

Category: Reisebrev  | Leave a Comment