9 – 11 september i St. Johannes kirke
Skrevet av Ingrid Haustveit Instebø

Via Vitae synger i St. Johannes kirke
Ein kan ikkje akkurat forklara glede med ord. Kun ein som veit korleis det følest kan forstå kor kjekt eg syns det er å synga i kor. Og kun ein som har fått lov å bli med i Via Vitae og øvingshelg, veit kor overlykkelig eg var då eg fekk beskjed om at eg hadde kome inn. Veldig glad. Endelig fekk eg sjansen til å avsløra kva som gjorde Via Vitae spesielt.

Øvelsen er i gang
Eg var ein av dei mange nykommarane denne helga, og var litt usikker på korleis denne gjengen var. Mesteparten av folka kjende eg frå før, men korleis var egentlig dette koret? Frå alt det eg har høyrd om koret, forsto eg at dette var det høg kvalitet på. Ein kom ikkje inn her utan å ha gjort ein god prøvesong på førehand. Var det veldig strengt?

Øving er viktig for et godt resultat
Øvingshelga var i Stavanger, i ei veldig fin kyrkje; St. Johannes. Me øvde på mange songar, og song i gudstenesta på sundagen og på kyrkjekaffien etterpå. Dei som kom aller fyst hadde og ein liten opptreden i ”klubben”.

Korets dirigent i full vigør
Eg lurte veldig på korleis dei andre song. Kunne dei alt, tok ting lett? Det er ikkje ein gjeng geni og nerdar eg snakkar om. Alle treng litt tid før dei får ein song til, uansett kven dei er og kor gode dei er. Etterkvart vart eg meir trygg på dei andre, og lærte av dei. Eg føler sjølv at eg fekk utvikla meg på mange måtar av å få synga i eit så proft kor til ein forandring.

Øvelsen sett ovenfra…
Det var eit fantastisk miljø, mange ungdommar med samme hobby som meg sjølv, kor. Enkelte med samme humor og, me lo mykje av alt (og ingenting). Den gjengen som ein møter i Via Vitae, er den beste vennegjengen ein kan tenkja seg. Ein vert glad i alle sammen, glad for å vera ein del av eit så bra miljø.

Utover kvelden kan det gå litt i kryss for noen og enhver…
Eg kan berre snakka for meg sjølv, men eg er ganske sikker på at eg ikkje er den einaste som føler det slik.

Klar til gudstjeneste
Det er inga trylledrikk som gjer koret spesielt. Dei er ikkje forheksa. Det er øving, godt humør og gode stemmer som utgjer den fine klangen. I Via Vitae kan dei fleste føla seg velkomne. Det er i alle fall mi meining, etter å ha blitt motteke på den beste måten av alle saman. Det er ein fantastisk flott og venleg gjeng som er med i koret, dei beste av dei beste.

En tur på Peppes i Stavanger
Det vart ei helg utan like, med song og musikk i sentrum heile tida. Takk for ei fin helg, alle saman!!

Siste kommentarer