Archive for ◊ januar, 2006 ◊

Author: admin
• mandag, januar 16th, 2006

13 – 15 januar i Lund Kirke i Kristiansand!

Skrevet av Ragnhild Aarvik


Lund kirke i Kristiansand

Lund kirke i Kristiansand forbinder eg berre med ein ting: Korsommarskulen! Med så mange gode og rare minner frå denne staden, var det vel ikkje spørsmål om me skulle dra dit på Via Vita-samling eller ikkje. Og sjølv om det var kaldt ute, og alle kristiansandsfolka var bleike og påkledde som isbjørnar, så lukta det sommar og song av kyrkja. Etter meir eller mindre trygge og lange reiser, møtte det heile 16 medlemmer denne kalde vinterdagen!


Rask kveldsmat

Ei god og lærerik helg var allereie i gang, og fredagskvelden byrja med ei god og lang øvingsøkt. Me song ein del på Grieg-songar, og ein del gamalt repertoar. Songarane var veldig blide og opplagde, så kvelden vart lang, og inneheldt mykje kjekt.


Korsangerne er på plass

Etter ei svært kald natt i kyrkja sin fenomenale gymnastikksal, var det opp tidleg, og i gang med synginga att. Det gjekk overraskande godt, søvnmengda teke i betraktning, og me fekk øvd nesten lika mykje som dirigenten hadde planlagt den dagen. Pausar vart fylde med sløving, gode sjever, og Rally på PS2.


Noen nye noter kom det visst

Når kvelden kom (litt raskare enn planlagt), var det endeleg tid for taco, og Lisa sin store Via Vitae-quiz! Det var mykje grubling over bl.a. Liv Marie sine mange instrument, kven som hadde knust ruter hos naboen, og over Olav Andreas sine mangfaldige framtidige yrke. Dette er noko som bør verta tradisjon. Ein lærte litt av kvart om dei fleste som var til stades…


Det kom fram en del ukjente sider ved de fleste

Seinare vart enkelte veldig klare for eit slag Bowling, medan andre syntes at eit slag Munchkin passa seg betre. Bowlarane hadde visstnok hatt det supert med dans, og kom heim både trente og glade. Kortspelarane var heller overlukkeleg over siger, litt skuffa over tap, eller litt for fulle av forskjellige typar små ting med sjokolade på. Kvelden enda for mange der. Men for nokon var det tid for filmsjåing, og The Hitchhiker’s Guide to the Galaxy vart sett i gang på loftet. Det vart ei god og varm natt i matsalen…


Noen spilte Munchkin… Freudian Slippers..?

Sundag morgon var alle klare for ein dugeleg innsats på gudsteneste. Etter ei triveleg øving, var me klare, og spente. Det gjekk vel eigentleg ganske bra, og me fekk mange fine smil då me i utgangen song bruremarsjen. Gutane hadde sjarmert med Great Gettin’ up mornin’ (som gjekk veeeeldig bra!), og heile koret song både ”Herre Jesus gi meg nåde” og ”O hur salig at få vandra”.


Forberedelse til Gudstjeneste

Så var det heimatte då… Det er nok alltid lika trist. Gler meg til tur til Sveio!! Snakkast der alle saman..


11 korsangere i én sofa

Category: Reisebrev  | Leave a Comment