Archive for ◊ januar, 2009 ◊

Author: admin
• mandag, januar 12th, 2009

Minne frå Viken Folkehøgskole, 9. – 11. januar 2009

Skrevet av Hallvard Lid

I tida rundt 9. januar var det 14 Via Vitae-medlemmer som samla seg på Viken Fhs på Gjøvik! For underteikna, som vanlegvis tek fly eller tog frå Bodø for å koma meg fram, var ikkje reisa så lang denne gongen. Ungdom i Oppdrag hadde hatt arbeidarsamling på Hamar helga før, så etter ein skarve busstur var eg framme! Eg vart godt motteken av både Ragnhild Aarvik, Kristina og Johannes som var elevar på skulen, då eg traff dei. Ragnhild Rossehaug hadde òg kome allereie.


Kristina spelar Cranium

Mitt fyrsteinntrykk av skulen var at stemninga minna meg om ein vellukka Korsommarskule på Lund. Middagen var i full gang då eg kom, og ei jente hadde bursdag. Sjølvsagt stemte heile salen med dei 100 elevane i med ein fleirstemt bursdagssong, og fulgte på med eit takkevers forhasta av godt humør. Eg fekk bakoversveis, og tenkte at dette var litt av ein plass! På ein stad der elevane var så musikalske, synte det seg at Via Vitae var blant sine eigne.

Utover kvelden vart me stadig fleire, så me starta øvingane litt før kveldsmat. Det var kjekt å syngja att. Lars Kristian hadde laga eit fint arrangement på salmen ”Å, var eg meir deg, Jesus lik” som høyrtest veldig bra ut med solo av Johannes! Då Anna dukka opp i 9-tida, mangla me berre Silje og Silje som kom gode og trøytte med tog morgonen etter, etter meir eller mindre å ha sove på nattoget til Oslo. 14 stk er reine luksusen for eit kor som har fullført konsertar med mannskap på sju!


Alvilde og Marius konspirerer

Laurdagen er etter kvart vorten kjent som den store øvingsdagen på ei typisk Via Vitae-øving. Det var han denne gongen òg, men fordi konserten ikkje var før på sundag, og fordi me slapp å laga, kjøpa og vaska opp etter mat sjølve, var det ikkje stressande for nokon. (Kanskje bortsett frå jentekoret på Mitt hjerte alltid vanker, som me måtte gje opp. Men det skal jentene ha: eg har sjeldan høyrt han så bra framført som det han var rett etter terpinga laurdags ettermiddag!)


Eg, Haakon, Olav og Kristina spelar Cranium

Nyttårsballet på Viken laurdags kveld kom som ei lita overrasking på oss, og gjorde m.a. at me diverre ikkje fekk tid til å reisa på rekrutteringstur til Toneheim Fhs på Hamar, slik planen var. Men på ballet fekk me òg lov til å framføra ein song, og me valde ”It was a lover and his lass” sidan det var ein romantisk kveld. Me vart ståande annankvar gut og jente i ein halvsirkel og lagde ein heidundrande koreografi til. Soloane var det eg og Ragnhild LR som tok, så på slutten vart me to ståande og halda rundt kvarandre, medan dei andre i koret anten klemte kvarandre eller simulerte frieri… =p Resten av kvelden gjekk med til styremøte og å spela Cranium, der me fann på reglane litt sånn etter kvart. Omtrent som Tommyball!

Under styremøtet, kan eg hugsa at Marius slengde ut kommentaren ”For å drømme litt, hvis vi får SEKS nye medlemmer i morra..” så var turen verdt det, eller noko. Me skulle bli overraska!

Så kom sundagen, og me førebudde oss til konsert. Som det ufatteleg seriøse koret me er, leikte me med ballongar før generalprøven. ;)


Via Vitae varmer opp til konsert

Eg talde ikkje kor mange som dukka opp på konserten, men eg kan tenkja meg at det var rundt 40 stk. Etter mi meining vart konserten absolutt ein av dei betre me har gjort! Særleg fordi publikumet var musikalsk interessert, og kunne gje litt meir meiningsfylt respons enn berre ”Veldig fint!”

Konsertstemninga var avslappa mellom songane, og me presenterte medlemmene i koret ein for ein. Då me var komne til alt-seksjonen, ville Lars Kristian poengtera innsatsen til Ragnhild LR, som hadde gått frå altstemme til andre sopran under heile øvinga. Då kom han med ei fin setning, som overraska han sjølv: ”Alten er som poteten, den kan brukes til alt. Oi!”

Då konserten var over, song me Bruremarsj frå Valsøyfjord i lag og Itoli matambaaaaah i lag med heile salen. På den måten hadde folk det morro med oss, og fekk ei kjensle av korleis det er å syngja i Via Vitae før me inviterte til prøvesong etter samlinga.

Responsen var svært positiv, og eg kan hugsa eg smilte då eg spurte Ole Henrik om han ville begynna i Via Vitae no: ”Det virka interessant, altså!” Han var ikkje åleine om å synast det – heile 12 folkehøgskuleelevar prøvesong den dagen, og dei aller fleste bestod prøven! Eg veit ikkje kor mange av desse som har takka ja til tilbod om å vera med i koret, men i skrivande stund er det siste talet eg har høyrt 8 nye medlemmer! Veldig bra!

Sjølv vart eg igjen på skulen etter at alle hadde reist, fordi togbillettane til Bodø var billegare på måndag enn sundag, og fekk bruka litt meir tid med elevane der, pluss Ragnhild, Johannes og Kristina. Så byrja turen tilbake til Nordland, og ungdommane her. Men tusen takk for ei kjekk og oppmuntrande øving!

Via Vitaes tid er ikkje forbi!
Hallvard.

Category: Reisebrev  | Leave a Comment